Stemmerett for kvinner – to taler

3_10 Stemmerett for kvinner.jpg

Her kan du laste ned



Opplegget høyrer saman med delen «Sakprosa og modernisering: demokratisering og modernisering» som startar på s. 244 i Intertekst Vg3. Sjå spesielt avsnittet «Kvinnestemmer» på s. 246. Ein kan lese tekstane på nett eller laste dei ned i wordformat (sjå vedlegg).

Arbeidsoppgåver:

  1. Lag resymé av dei to utdraga.
  2. Kva er dei viktigaste argumenta som blir førte fram av Nielsen og Heuch i spørsmålet om kvinneleg stemmerett?
  3. Kva retoriske appellformer er nytta i dei to talane? Kva for appellform har størst plass i kvar av dei?
  4. Del klassa i to – og køyr debatt! To av elevane innleier, i rollene som Nielsen og Heuch. Talesituasjon: ope debattmøte om stemmerett for kvinner. Gjennomfør debatt med to av elevane som ordstyrarar og to som observerer og vurderer gjennomføringa (både innleiingane og debatten i plenum).

Tekstar

Ragna Nielsen: «Kvinders stemmerett» (utdrag),
Arbeidersamfundets sal, Kristiania 15.11.1888

Johan Christian Heuch: «Undtagen fra Offentligheden» (utdrag)
Stortinget, 5.6.1890

(Begge tekstane er henta frå virksommeord.uib.no)

Talarane

Ragna Nielsen (1845–1924) frå Kristiania (Oslo) var lærar, organisasjonsmenneske og kvinnesaksforkjempar. Ho var med på å skipe «Norsk Kvindesagsforening», der ho var leiar i periodar, og var styremedlem i «Kvinnestemmeretsforeningen». Ho starta og dreiv den første såkalla «fellesskulen» i Noreg (både jenter og gutar var elevar), og ho vart vald inn i Kristiania bystyre i 1906. Ei hovudsak i hennar politiske og samfunnsmessige engasjement var stemmerett for kvinner (som vart innført i 1913).

Johan Christian Heuch (1838–1904) var lærar, redaktør, forfattar og biskop. Han var medlem i Høgre og ein av leiarane på den konservative sida i norsk politikk i 1880-åra. Heuch var motstandar av parlamentarisme og allmenn stemmerett og ein skarp kritikarar av radikale politiske idear – sjølvsagt også av kvinnefrigjering. Han kom i skarpe debattar med både Bjørnstjerne Bjørnson, Arne Garborg og Georg Brandes. Nokre av føredraga hans er samla i Vantroens Væsen (1883). Heuch møtte som varamann til Stortinget i 1890–91.

Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen
Eller

BM dbok Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen
Eller logg inn