Camilla Collett: Hvad raker det oss? (tale) – med oppgåver

Opplegget høyrer saman med delen «Camilla Collett: kvinnesaksforkjempar og essayist» som startar på s. 249 i Intertekst Vg3. Les meir om talen på s. 251.

vg3_Camilla Collett.jpg Wikimedia Commons

Camilla Collett
Camilla Collett (1813–1895) er mest kjend for Amtmandens Døttre (1854–55), ofte kalla den første problemromanen i Noreg. Her set forfattaren søkelyset på oppsedinga av jenter og korleis denne verka undertrykkande. Men Collett må også reknast som ein av dei viktigaste sakprosaforfattarane i Noreg på 1800-talet, med reisebrev frå europeiske storbyar, litterære essays og sjølvbiografiske tekstar. «Hvad rager det os?» blei først halden som tale i München i 1877, seinare trykt i samlinga Mod Strømmen II (1885).


«Hva raker det oss?» (1877)

Førlesing:

Kva kjenneteiknar ei 17. mai-tale? Set opp stikkord på tavla.

Arbeidsoppgåver

  1. På kva måte avvik Colletts tale frå dei 17.-maitalene du kjenner?
  2. Lag ein retorisk analyse av Colletts tale.
  3. I kva grad har Colletts tale relevante moment for ei drøfting av kvinners stilling i samfunnet i dag?

Her kan du laste ned


Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen
Eller

BM dbok Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen
Eller logg inn