Sjekkliste for munnlege situasjonar

2_1 Gode råd for framføringen.jpg

Talen

  1. Kjenn ditt publikum – kven er talen til eller for?
  2. Gjer forundersøkingar om den eller det du skal tale om.
  3. Planlegg strukturen på talen din.
  4. Forsøk å framføre talen – har han den ønskte effekten?
  5. Revider talen – kutt ut eller legg til, alt ettersom det passar ut frå gjennomkøyringa.
  6. La talen liggje ei stund – ein ser ofte friskare på ein tekst med nye auge.
  7. Bestem deg for kva slags stikkord eller hjelp du skal ha med deg når du held talen.
  8. ØV!
  9. Når du framfører: ver naturlig, open, blid – og ikkje gløym at kroppspråket bør vere avslappa og ledig.
  10. Øv litt til.

Presentasjonen

  1. Gjer ein situasjonsanalyse: Kven skal du fremføre for, kva skal presentasjonen handle om, kva ønskjer du å oppnå med presentasjonen?
  2. Kva for etos har du, som avsendar, i denne situasjonen? Er det noko du kan seie i innleiinga som aukar truverdet ditt?
  3. Bruk kjelder – og gjer dei til dine eigne. Hugs òg å gjere greie for dei. Pass på at du ser på både for- og motargument om du skal argumentere for ei sak.
  4. Kva verkemiddel vil du bruke? Både visuelle, auditive, og språklege verkemiddel er viktige å planleggje.
  5. Kva struktur skal presentasjonen din ha? Kva er ei logisk og god oppbygning av tematikken du skal snakke om?
  6. Tenk variasjon – korleis skal du engasjere publikum med kroppsspråk, mimikk, fagkunnskap, underhaldning og varierte presentasjonsformer?
  7. ØV! Jo betre du kan stoffet ditt, jo meir sannsynleg er det at du klarer å vere avslappa i framføringssituasjonen.
  8. Er du veldig nervøs? Det finst fleire meir eller mindre seriøse råd for å overvinne dette. Du kan sjå for deg publikum i berre undertøyet (skal gjere dei mindre farlege), eller du kan sjå dei djupt inn i augo (skal visstnok skape samkjensle med deg). Minn deg sjølv på at eit «perfekt menneske» har lite på ein scene å gjere – dei fleste av oss er meir positivt innstilt til nokon som viser seg menneskelege og kanskje gjer feil. Hvis ingenting anna fungerer, snakk med læraren din. Begynn i det små og avanser til to–tre tiløhyrarar – til slutt orkar du kanskje heile klassen?

Debatten

Det finst en rekkje reglar i ein formell debatt, og dei liknar på sjekklista for den gode samtalen og diskusjonen. Før du deltek i ein debatt kan du jobbe slik:

  1. Først lagar du eit «pro et contra»-skjema, der du set opp alle for-argumenta i éi rad, og alle argumenta du kan tenke deg bli brukt mot deg, i den andre. Ei sak har alltid to sider, og ved å vise at du er klar over begge, aukar du truverdet ditt.
  2. Sørg for at argumenta dine er presise og forståelege, definer gjerne omgrep eller bruk tal. Ver klar og tydelig.
  3. Bruk relevante døme, ting som har med saka å gjere. Viss ikkje, mister du truverdet og argumentasjonen din får mindre gjennomslagskraft.
  4. Lag logiske og sannsynlege argumentasjonsrekkjer. Til dømes: «Lekser i skulen er disiplinerande og nødvendig fordi elevane får repetert stoffet. Når stoffet blir repetert, er det større sannsynlegheit for at dei hugsar og forstår fagstoffet. Dersom dei hugsar og forstår fagstoffet, vil dei gjere det betre på prøver og få betre karakterer. Då har dei større sjansar for å gjere det bra i seinare studium ... » osv.
  5. Du kan enten appellere til fornufta eller kjenslene til publikum. Eit fornuftsargument er til dømes ei faktaopplysning. Medan eit kjensleargument kan gå slik: «Du vil vel ikkje at barna dine skal tape på arbeidsmarknaden fordi dei ikkje lærer arbeidsmoral ved å gjere lekser?»
  6. Forskjellige typar argumentasjon omfattar ekspertargument («ekspertar seier»), fleirtalsargument («dei fleste lærarar meiner»), generaliseringar («dette kan vi alle vere einige i»), eksklusivitetsargument («dersom du gjer sånn, skil du deg ut»), analogiargument («å gjere lekser kan samanliknast med å pusse tennene») eller tilbakevisningsargument («eg ser at du har eit poeng, men …»).

Under debatten er det viktig å følgje formelle reglar:

  1. Opne med ei innleiing
  2. Ordstyrar leier diskusjonen
  3. Rekk opp handa for å seie noko: éin finger signaliserer lengre innlegg, to fingre ein kort replikk.
  4. Ein debatt går ofte på tid – fatt deg i kortheit.
  5. Det er ein fordel å ha klare og saklege argument.
  6. Ver klar over kva motparten argumenterer for.
  7. Hugs alltid å grunngi argumenta dine.

Den gode samtalen/diskusjonen

  1. Du bør aldri avbryte den andre – la han eller henne fullføre.
  2. Prøv å behandle samtalepartneren din med respekt og som ein likeverdig.
  3. Respekter at diskusjonspartneren din har eit anna syn enn deg sjølv.
  4. Ikkje bruk nedsetjande språk, banneord eller personangrep overfor motparten.
  5. Ha ei lyttande haldning.
  6. Ver tålmodig! Vent til det er din tur.
  7. Gi klart uttrykk for eigne meiningar og grunngi dei.
  8. Ikkje overkøyr den andre – du bør ikkje snakke mykje lenger enn han eller henne.
  9. Dersom det er umogleg å bli einige: aksepter det!
  10. Prøv gjerne med humor.

 

Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen
Eller

BM dbok Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen
Eller logg inn