Systemet blir oppdatert tirsdag 11. desember fra kl. 16:00, og vil da være delvis utilgjengelig i inntil to timer.
Vi beklager ulempene dette kan medføre. Se ev. detaljinformasjon etter oppdateringen på blog.portfolio.no.

8. Språk i kontakt

Her kan du laste ned

PowerPointer til kapitlene

8. Språk i kontakt

Kompetansemål:

  • beskrive grammatiske særtrekk i norsk språk og sammenlikne med andre språk
  • gi eksempel på flerspråklighet og drøfte fordeler og utfordringer i flerspråklige samfunn
  • beskrive og vurdere hvordan språk og sjangere brukes av representanter for ulike yrkesgrupper og i ulike sosiale sammenhenger

 I dette kapittelet får eleven ei grundig innføring i særtrekk ved norsk språksystem og språkbruk. Vi har valt å ta med eit breitt utval av grammatiske trekk som vi samanliknar med anten språk som mange elevar har eit forhold til, eller språk som er spesielt relevante i den gitte samanhengen. Dette vil gi elevane strukturell kunnskap om sitt eige språk og eit godt omgrepsapparat for å samtale om språk. Denne kunnskapen skaper god forståing for eleven sitt eige språk, og gir eit fundament for mellom anna framandspråksundervisninga.

Med bakgrunn i kunnskapen om eige språk, går kapittelet vidare til å sjå på ulike former for fleirspråklegheit. Kapittelet speglar eit språkleg mangfaldig land og gir elevane kunnskap og omgrep til å forstå sin eigen og andres språklege ståstad med eit sosiokulturelt blikk.

Språket i ulike yrkesgrupper blir presentert i siste del av kapittelet. Her har vi valt å sjå fleire ulike yrke med ulik tradisjon og historie, der språket fyller delvis ulike funksjonar.

Kapittelet er omfangsrikt, og det er fordi vi meiner ei betre språkleg sjølvforståing ligg til grunn for å forstå det språklege mangfaldet vi omgir oss med i Noreg i dag. Det skaper tryggheit som språkbrukar og dannar utgangspunkt for meiningsfull identitetsskaping.

Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen
Eller

BM dbok Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen
Eller logg inn