Filmlenke: Den stille kampen – skam og stolthet

3_14 Den stille kampen_s.jpg

Sjå klippet på NRK Skole (28:30) (Ein kan velje ulike avsnitt av programmet i feltet under filmruta.)

Før filmen: Kva skil sjøsamar frå dei samane som driv/dreiv med reinsdyr på vidda?

Spørsmål:

  1. Mor til Susann og søstera hennar oppfattar seg ikkje som samar, men som norske. Er same noko ein kan velje å vere? Drøft problemstillinga.
  2. Korleis vil du forklare at det å vere same har blitt knytt til skam?
  3. Kan du finne døme på grupper/fellesskap i vår tid som det blir knytt skam til? Korleis forklare dette?
  4. Kva inntrykk får du av internatskulane når du ser utdrag frå dei gamle filmane som viser elevar og lærarar på internata? Kva skil desse frå den framstillinga dette programmet gjev? Korleis forklare desse skilnadene?
  5. Den såkalla rasebiologien rangerte menneskeraser som meir og mindre verdfulle. Kan vi sjå spor av liknande tenkjemåtar i dag: at somme folkegrupper/nasjonar blir vurderte som mindreverdige, med spesielle eigenskapar? Korleis forklare dette?

Oppgåver:

  1. «Det gjør vondt i hjertet mitt fordi språket er blitt borte.» (sitat frå programmet, 22:14). Skriv ein kreativ tekst på ca. 500 ord der du tar utgangspunkt i dette sitatet. Vel sjanger sjølv, og planlegg verkemidla dine.
  2. Kva verdi har det for kulturmangfaldet i Noreg at den samiske kulturen er levande og sterk også i framtida? Skriv ein drøftande artikkel på ca. 500 ord.

Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen
Eller

BM dbok Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen
Eller logg inn