I eit nøtteskal

Folk i Noreg har nok i mange hundre år opplevd at dei var annleis enn danskar og svenskar. Men det kan diskuterast kor mange og kven som opplevde seg som norske i hundreåra frå år 1000 og frametter. Men frå siste halvdel av 1700-talet vakna interessa for meir kunnskap om Noreg i den norske eliten. Før 1814 vi ser dette seg som patriotisme, kjærleik til fedrelandet. Men det låg ikkje noko politisk krav om lausriving frå unionen med Danmark i dei mange kraft patriotiske songane.

Med 1814 kom det ei endring i dette. Med feste både i opplysningsideala og i romantikkens idear blei det i løpet av 1800-talet drive ei brei kartlegging av kva som særprega norsk kultur og norske menneske. Målet var å bevise at Noreg hadde sin eigen, særmerkte kultur. Det ekte norske fann ein i bondekulturen, i folkediktinga, i naturen og i den gamle historia – i tida før unionane.

Mange av dei førestillingane om det norske som blei forma på 1800-talet, lever framleis i nordmenns tankar om seg sjølv og det typisk norske. Det store spørsmålet er no: Kva slags førestillingar om det nor ske vi har behov for i dag, i ein nasjon som har endra seg mykje sidan tida da vikingar og sjølveigande bøn der blei trekte fram som idealnordmenn?

Har du forstått kapittelet?

  1. Kva var hovudinnhaldet i og bakgrunnen for Christian Tybring-Gjedde sine spørsmål til kulturminister Hadia Tajik?
  2. Lag ei kort oppsummering av kva som blei oppfatta som typisk norske eigenskapar på 1700-talet.
  3. Skriv fem stikkord som karakteriserer Gerhard Schønings forfattarskap.
  4. Kva er innhaldet i den såkalla klimateorien?
  5. Gi nokre døme på norsk patriotisme frå 1700-talet.
  6. Kva folkegrupper nemner Grunnlova av 1814 som uønskte i Noreg?
  7. Kva meiner vi med politisk nasjonsbygging?
  8. Kva meiner vi med kulturell nasjonsbygging?
  9. Nemn nokre fag/vitskapar som var viktige i nasjonsbygginga på 1800-talet.
  10. Kvifor tok ikkje Asbjørnsen og Moe med alle eventyra dei fann i dei trykte samlingane sine?
  11. Nemn nokre norske kunstnarar som har prega oppfatninga av kva som er typisk norsk heilt fram til i dag.
  12. Forklar kort kva det betyr at den norske naturen endra seg frå å vere vill mark til å bli eit sentralt nasjonalt symbol.
  13. Kva betydning har Eilert Sundt i norsk vitskapshistorie?
  14. Nemn nokre hendingar og personar frå 1900-talet som har vore med på å for me kva vi oppfattar som ty pisk norsk.

Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen
Eller

BM dbok Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen
Eller logg inn