«Det er typisk norsk å dyrke gamle helter» – disposisjon

2_10 typisk norsk_Forskerforbundet.jpg

Tekst:

«Det er typisk norsk å dyrke gamle helter», Intertekst vg2 s. 256.

Oppgåve:

Analyser annonsen.

Innleiing:

  1. Presenter teksten: sjanger, avsendar, medium, formål
  2. Ei kort skildring av annonsen: bildet, teksten, blikkfang, layout, (komposisjon), samband/tilknytingspunkt mellom bilde og tekst

(Hugs: du skal skildre kva du ser og les, ikkje tolke!)

Hovuddel (analyse)

  1. Bildet: Roald Amundsen
    • kvifor denne personene i denne samanhengen? (= funksjon),
    • det direkte blikket, Amundsen som ser på oss, lesarane: funksjonen
    • teksten som er limt inn i øvre del: ein allusjon til ei kjent utsegn – kva for utsegn? Funksjon?
  2. Teksten (om språklege verkemiddel og deira funksjon)
    • Sentral metafor «hjernekraft»
    • Roald Amundsen som symbol
    • Retoriske verkemiddel: tretalslov, kontrast, andre?
    • Er teksten mest appellativ – eller mest informativ? Forholdet mellom desse to funksjonane. Grunngjev.
  3. Sambandet / samspelet bilde – tekst, komposisjon/layout.
    • Nokre tydeleg samanbindande element: Teksten som er limt inn i bildet held fram under fotografiet, og vert overskrift for teksten. Bruken av raudfarge er eit anna samanbindande elementet. Eit tredje er fotografiet av Amundsen: pioneren. Gjer greie for verknaden av desse elementa.
    • Kva appellform dominerer i annonsen sett under eitt (både tekst og bilde): etos, logos, patos? Ha med døme frå heile annonsen som grunngjeving

Avslutning/vurdering

  1. Vurdering av annonsen: god samanheng? Tydeleg bodskap?
  2. Eventuelt eigne, personlege kommentarar/meining om annonsen

Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen
Eller

BM dbok Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen
Eller logg inn