Kapittel 13 – Talemål

1. Forklar korleis tonegangen, infinitivendingane og tjukk l kan skape ei hovudinndeling mellom dialektane i landet.

Tonegangen deler landet i to: Vestnorske og nordnorske dialektar har høgtone, medan austlandet og Trøndelag har lågtone.
Trøndske og dei fleste austnorske dialektane har også kløyvd infintiv, men i Trøndelag blir dette kombinert med apokope (i overvektsinfintivane). I tillegg finn vi e-mål to stader i det austlandske dialektområdet: I Østfold og i Aust-Agder og deler av Telemark.
Felles for nordnorske og vestnorske dialektar er at dei ikkje har kløyvd infintiv: Dei har anten apokope (Nordland), a-mål (Sør-Vestlandet) eller e-mål (Troms, Finnmark, Nord-Vestlandet).
Tjukk l finn vi der det er kløyvd infinitiv, men også i Nordland, der det er apokope, i Romsdal og på Nordmøre.

2. Kva er årsaka til at nokre dialektar har infinitivsendingar på både a og e?

I gamalnorsk hadde alle infinitivar endinga –a. I områda med kløyvd infintiv har endinga i dei såkalla overvektsinfintivane blitt svekka til –e, medan dei såkalla jamvektsinfintivane har behalde –a som ending. Ein jamvektsinfinitiv er ord som i norrønt hadde lik vekt på hovudstaving og endestaving. Dette har gjort det enklare å bevare –a-endinga. I overvekstinfintivane vart trykket på hovudstavinga sterkare enn på endestavinga, som dermed vart trykklett. Trykklette stavingar er meir utsette for endring.

3. Forklar kva vi meiner med apokope. Kvar finn du apokope? (Klarer du det utan å sjå på karta?)

Apokope finn vi i Trøndelag og Nordland. Fenomenet oppstår når trykklette stavingar blir borte. I Nordland blir alle infintivar apokoperte, medan berre overvektsinfinitivane blir apokoperte i Trøndelag.

4. Gjer greie for kvifor skarre-r og retrofleksar ikkje finst i det same området.

Skarre-r spreier seg nordover på Vestlandet, medan han ikkje spreier seg austover mot Austlandet. Forskarar forklarer dette med at skarre-r og retrofleksar ikkje kan eksistere i ein og same dialekt. Retrofleksar er jo samansmeltinga av rulle-r + t,d,n,s,l. Difor må dialekten ha rulle-r for å få retrofleksar. På Austlandet har alle dialektar retrofleksar, som sperrar for skarre-r-en. På Vestlandet meiner forskarar at skarre-r vil spreie seg nordover til han møter ein dialekt med retrofleksar.

5. Kvifor har dialektane endra

Dei fleste dialektendringane dei siste 50 åra heng saman med endringar i samfunnsstrukturane. Folk har blitt meir mobile, dei reiser meir og flyttar meir. Då kjem dialektane i kontakt, og der språk kjem i kontakt, blir dei gjensidig påverka. Påverknad er også avhengig av status og brukarane sin identitet. Dialektar med låg status vil bli meir påverka enn dialektar med høg status.

6. Kva er indre endring?

Indre endring er endringar som oppstår i språket sjølv og ikkje som resultat av språkkontakt. Det kan vere vanskeleg å avgjere om ei endring er språkintern eller ikkje. Men eit eksempel på indre endring er f.eks. framveksten av formen skjærte og bærte. Desse verba blir av mange bøygde som verbet lære–lærte. Når eit ord endrar seg på grunn av likskapen med andre ord, kallar vi gjerne analogi (som tyder likskap).

7. Kva er ytre endring?

Ytre endring er språkendringar som har rot i samspelet mellom menneske, og ikkje i språket sjølv. Når substantivbøyinga i enkelte dialektar endrar seg frå jentudn til jentene, så er det fordi språkbrukarane blir påverka av andre språkbrukarar på det sentrale Austlandet. Forma jentene har nok høgare prestisje enn jentudn, og språkbrukarane kan på denne måten f.eks. formidle gjennom språket at dei identifiserer seg med språkbrukarar i meir sentrale strok.

8. List opp fakta som tyder på at vi har eit standardtalemål i Noreg. List deretter opp fakta som tyder på at vi ikkje har eit standardtalemål i Noreg.

For:
  • Vi har eit talemål som blir brukt i alle deler av landet, som er overregionalt
  • Dette talemålet er så å seie identisk med dialekten i hovudstaden
  • Dette talemålet har ein høgare status enn andre dialektar
  • Dette talemålet blir sett på som meir «nøytralt» enn andre dialektar
  • Dette talemålet ligg svært nært opp til eitt av skriftspråka i landet
Mot:
  • I Noreg har vi ingen offisielt vedtekne reglar for uttale, slik det er i land med standartalemål. Språkrådet skal ikkje normere uttalen av språket.

9. Kvifor skjer språklege endringar i ulikt tempo i dei ulike regionane?

Dialektane har ulik grad av «motstandskraft» i seg. Det viser seg at dialektar der brukarane er svært stolte av både dialekten og kulturen, vil motstå påverknad i større grad. Eit anna moment som spelar inn er avstanden frå sentrum. Dialektar i avsidesliggande strok har halde seg betre enn dei som ligg nær sentrum.

10. Kvifor blir ikkje alle dialektar identiske med oslodialekten, dersom det er denne som direkte eller indirekte påverkar alle dialektane?

Ein kan samanlikne dei ulike dialektområda med ulike jordsmonn. Sjølv om påverknaden er lik, så vil ikkje dei same språklege endringane «vekse fram». På Vestlandet vil tjukk l ha vanskeleg for å «slå rot», for det ligg dårleg til rette for dette språktrekket, særleg i dialektar med skarre-r. Tonegangen på Vestlandet og Nord-Noreg er også annleis en på Austlandet, og det vil også begrense kva for dialektendringar som følest naturlege for dialektbrukarane.

11. Skriv ein leksikonartikkel på maks. 100 ord der du gjer greie for omgrepa dialekt og sosiolekt.

Ein dialekt er ein geografisk variant av språket i eit land. Dialektar kan vere språkleg svært ulike, men så lenge dei finst innanfor eit land, vil dei bli rekna som dialektar og ikkje eigne språk. Nasjonalspråka i Norden er meir like kvarandre enn fleire av dialektane i Noreg. Dialektane i Noreg endrar seg, lokale dialektgrenser blir borte, og det utviklar seg regionaltalemål.
Ein sosiolekt er ein talemålsvariant som varierer med sosiale faktorar som økonomi, alder, interesser osv. Det viser seg f.eks. ofte at yngre har eit anna talemål enn eldre, sjølv om dei høyrer til same dialektområde.

12. Skriv ein leksikonartikkel på maks. 100 ord der du gjer greie for omgrepet standardtalemål.

Eit standardtalemål er eit overregionalt talemål som blir rekna som meir nøytralt enn andre talemålsvariantar. Som regel er standartalemålet knytt til hovudstaden i eit land, og i mange land er dette det offisielle talemålet i landet, slik som f.eks. RP i England. Standartalemålet er ofte knytt til den økonomiske eliten, og det vil difor ha ein høgare prestisje enn andre talemål. I Noreg har vi ikkje eit offisielt vedteke standardtalemål, ettersom Språkrådet ikkje skal drive med talemålsnormering. Men mange vil meine at oslodialekten likevel fungerer som eit standartalemål i Noreg.

Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen
Eller

BM dbok Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen
Eller logg inn