11. J-verb

Dei viktigaste j- verba:

krevje – krev – kravde – kravd
selje – sel – selde – selt
symje – sym –sumde – sumt
telje – tel – talde – talt
velje – vel – valde – valt
fortelje – fortel – fortalde – fortalt
spørje – spør – spurde – spurt
skilje – skil – skilde – skilt

Fyll inn rett form av j-verba:

Du kan ikkje (krevje) at eg (fortelje) deg alt.

Lenge (selje) eg varene med tap.

Då eg (telje) opp kassa, var det lite i han.

Kven har (fortalt) deg dette?

Kva er det du (fortelje) meg?

Vil du (selje) meg bilen din? Nei, den (selje) eg aldri.

I fjor (velje) eg å slutte i jobben min.

(spørje) du meg, var det ei klok avgjerd.

Det same året (skilje) eg meg frå mannen min.

Kunne eg (velje), hadde eg gjort det same igjen.

Har du vore i utlandet? Ja, dersom Sverige (telje) som utland.

Ingen hadde (fortelje) meg at livet kunne vere så fint.

Eg (krevje) ikkje så mykje av livet no for tida.

Du må ta eit val: (velje) du å halde fram som før?

Du gløymde å (telje) med alle. Jo, eg (telje) alle saman i stad.

Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen
Eller

BM dbok Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen
Eller logg inn