I eit nøtteskal

To viktige skilnader mellom moderne norsk og norrønt er kasus og fri ordstilling i norrønt, mot fast ordstilling og manglande kasus i norsk. Men vi ser likevel tydeleg sambandet mellom dei to språka: i ord som vi kan kjenne att, i bøying av ord som vi berre kan forstå når vi kjenner til omlydsfenomenet, og i faste uttrykk som vi ser restar av kasussystemet.

Ulikskapane er sjølvsagt like mange. Først og fremst ser du skilnadene i ulikt ordtilfang. Gjennom hundreåra har det komme til mange nye ord i det norske språket knytte til teknologiar, endringar i samfunnsformer og nye ideal og verdiar.

Har du forstått kapittelet?

  1. Kva kjenneteiknar urnordisk?
  2. Kva skjedde i synkopetida?
  3. Kva er omlyd, og kva nye vokalar fekk vi i omlydsprosessen?
  4. Kva vil det seie at norrønt var eit kasusspråk?
  5. Kva betyr det at eit språk har SVO-oppbygnad av setningane?
  6. Kvifor er det sett ei språkhistorisk grense ved ca. 1050?
  7. Kva endringar skjedde i mellomnorsk tid?
  8. Kva for restar av det gamle kasussystemet kjenner du til frå ditt eige språk?

Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen
Eller

BM dbok Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen
Eller logg inn