Kapittel 15 – Samisk språk og kultur

1. Kva er meint med eit urfolk?

Ei folkegruppe som har budd i eit geografisk område sidan før nasjonalstatane vart til.

2. Når begynner fornorskinga av den samiske kulturen?

Den begynner på 1700-talet, men vert for alvor sett i verk i andre halvdel av 1800-talet, med systematisk undertrykking av samisk språk og samiske kulturuttrykk.

3. Kva er meint med fornorskingsskadar? Nemn dei viktigaste.

  • låg status for samisk språk og kultur
  • negativt bilde av samisk språk og kultur
  • mindreverdskjensle
  • kulturell framandgjering

4. Kva er innhaldet i Grunnlova § 110 A?

Den norske staten har ansvar for å sikre og utvikle samisk språk, samisk kultur og samisk samfunnsliv.

5. Kva er duodji?

Fellesnamn for samisk husflid, kunsthandverk og handverk.

6. Kva kjenneteikna den gamle samiske religionen?

Tre stikkord er animisme (naturen er besjela av ånder og det er nært samband mellom menneska og naturen), sjamanisme (ein sjaman er eit menneske med spesielle evner og fungerer som bindeledd mellom menneska og åndeverda) og polyteisme (fleire gudar).

7. Kva kjenneteiknar joiken?

Joiken er sungen utan tonefølgje frå instrument, og fortel ei historie eller karakteriserer ein person.

Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen
Eller

BM dbok Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen
Eller logg inn