I eit nøtteskal

Språkhistoria på 1900-talet er fylt av sterke følelsar når det gjeld språket. Ved inngangen til hundreåret er det etablert ei tospråksløysing, ein situasjon som mange ikkje er nøgde med. Fleire ønskjer å la dei to språka «smelte saman» for skape eitt felles skriftspråk. Dette leier fram til språkreforma av 1938, som blir for radikal for språkbrukarane. Protestane blir store, og gradvis må ein gå bort frå målet om eit felles språk i Noreg. Formelt er det slutt på denne språkpolitikken i 2002, men alt i 1981 tek ein i praksis store steg bort frå tanken, då mange konservative former blir innførte att i bokmålet.

Nynorsken har sterk medvind fram til 1945, men får tilbakegang etter krigen. Den nasjonale straumen som hadde bore nynorsken fram, vart øydelagd av måten nazistane brukte nasjonale symbol på. Nynorsken klarte heller ikkje å innta byane, for ein mangla ein nynorsk urban identitet. Nynorsk og bokmål er i dag formelt likestilte, men ikkje reelt likestilte. Det er difor vedteke at Språkrådet skal styrkje det norske språket generelt og den nynorske språkforma spesielt.

Har du forstått kapittelet?

  1. Kva for politiske straumar er det som pregar første del av 1900-talet? Kvifor vinn nynorsken så mange nye brukarar tidleg på 1900-talet?
  2. Kva for faktorar kan forklare tilbakegangen for nynorsken?
  3. Noter viktige fakta om nynorskbruk i dag.
  4. I dette kapittelet bruker vi som eksempel at soli og solen skal bli til sola. Forklar med dine eigne ord korleis eksempelet kan nyttast til å illustrere samnorsktanken.
  5. Kvifor vann samnorsktanken fram tidleg på 1900-talet? Kven var for og kven var mot samnorsken?
  6. Kva var hovudtrekka i 1917-reforma? Korleis var reaksjonane?
  7. Set opp di eiga oversikt over dei viktigaste endringane i 1938-reforma.
  8. Kva var reaksjonane på 1938-reforma? Kvifor kom dei så seint?
  9. Når døydde eigentleg samnorsktanken? Gjer greie for denne prosessen.
  10. Korleis påverkar engelsk det norske språket i dag?

Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen
Eller

BM dbok Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen
Eller logg inn