Kapittel 12 – Språkhistorie på 1800-talet

1. Skriv tre stikkord for språksituasjonen i Danmark-Noreg på 1700-talet som har betydning for språkdebattane på 1800-talet.

Dansk skriftspråk, danske embetsmenn, interesse for oppnorsking av det danske skriftspråket, norske dialektar i munnleg bruk

2. Kva er meint med uttrykket «eit språkleg kuppforsøk i 1814»?

Grunnlova kalla skriftspråket norsk, sjølv om det framleis vart brukt reint dansk i skrift.

3. Kvifor må vi ha med tidsskriftet Saga i eit oversyn over norsk språkhistorie på 1800-talet?

Dei første forsøka på ei fornorsking kom her, forfattarane var føregangsmenn for «reformlinja» seinare på 1800-talet.

4. Kva er hovudinnhaldet i usemja mellom Wergeland og Munch?

Munch såg på Wergelands bruk av norske ord i det danske skriftspråket som ei øydelegging av dansken. For Munch var det ikkje orda som skaper eit språk, men grammatikken.

5. Kva meinest med «danna daglegtale»? Kva var Knudsens argument for å bygge fornorskinga av dansk på denne språkforma?

Talemålet til embetsmenn/overklasse: bygt på dansk skriftspråk, men tilpassa norsk uttale. Dette talemålet var den mest utbreidde «dialekten» i Noreg, og vart snakka over heile landet.

6. Kva er hovudinnhaldet i Ivar Aasens språkpolitiske program?

Noreg måtte få eit ekte norsk språk, bygt på norske dialektar. Det nye norske språket skulle vere ein samnemnar for dei norske dialektane.

7. Kva meinst med at Aasens arbeid kan delast i tre fasar?

Ivar Aasen nytta ulike typar argumentasjon i dei tre fasane. I den første (før 1850) var den nasjonalromantiske tenkjemåten dominerande, og Aasen tilpassa seg denne. I den andre (1850-1858) brukte Aasen nasjonalromantiske argument strategisk for å overtyde eliten med deira eigne (nasjonalromantiske) argument. I fase 3 (etter 1858) er Aasen i open opposisjon og snur det kulturelle verdihierarkiet på hovudet: danningsidealet for alle er å finne i bondekulturen.

8. Kva betyr det at landsmålsarbeidet vert kalla eit motkulturelt prosjekt?

Aasen landsmål vert eit alternativ skriftspråk til det dansk-norske, og ville gjere vegen til samfunnsdeltaking og demokrati lettare for bondestanden. Landsmålet representerte andre verdiar enn elitens kultur og deira kulturelle verdiar.

9. Kva er P.A. Munch sine viktigaste argument for å halde på det danske skriftspråket?

Det var viktig å halde oppe det kulturelle og språklege sambandet til Danmark. Dansk språk representerte ein lang kulturtradisjon og var uttrykk for ein meir verdifull kultur enn eit språk (og ein kultur) som bygde på norske dialektar. Ei fornorsking av dansk var det same som å øydelegge språket (sjå også spørsmål 4)

10. Kva fellestrekk finn du mellom Knudsen og Aasen sine språkarbeid?

Begge arbeidde for ei demokratisering av kunnskap og danning. Knudsen meinte at dette kunne oppnåast ved å fornorske det danske skriftspråket (gradvis fornorsking), medan Aasen ville lage eit heilt nytt norsk språk.

11. Kva står desse årstala for i norsk språkhistorie: 1878, 1885, 1892?

1878: Opplæringa i skulen skulle vere på elevane sin dialekt.
1885: Stortinget vedtek jamstelling mellom dansk-norsk og landsmål.
1892: Skulestyret i den enkelte kommunen skal avgjere kva som skal vere opplæringsmålet i skulen/kommunen.

Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen
Eller

BM dbok Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen
Eller logg inn