Kapittel 7 – Opplysningstid 1700-talet

1. Forklar med eigne ord kva for opplysning det er snakk om i opplysningstida.

«Opplysning» i opplysningstida handlar om å opplyse folket om måten verda eigentleg heng saman på. Opplysningsfilosofar, vitskapsmenn og forfattarar ville føre folket ut frå mørket av overtru og manglande kunnskap, og inn i lyset frå fornufta og vitskapen.

2. Kvifor får den vitskaplege revolusjonen innverknad på opplysningstida?

Opplysningstida har røtene sine i renessansen, der den vitskaplege revolusjonen starta, med f.eks. det heliosentriske verdsbiletet. Den vitskaplege revolusjonen er summen av alle dei vitskaplege oppdagingan frå renessansen og framover, då ein oppdaga at det er visse naturlover som styrer naturen. Newton er ein av dei viktige vitskapsmennene, og han klarer som den fyrste å berekne tyngdekrafta matematisk. Det heliosentriske verdsbiletet og oppdaginga av naturlovene bryt med kyrkja si lære, og det rokkar difor også ved tanken om at det er Gud som styrer verda. Slik kunnskap om korleis verda eigentleg heng saman, er essensen i opplysningstida. I opplysningstida set ein fornuft og vitskap i sentrum, fordi det gjer menneska opplyste.

3. Fornuft er eit viktig stikkord for perioden. Forklar kvifor.

Filosofen Immanuel Kant seier «Ha mot til å bruke din eigen forstand», og dette er ei viktig rettesnor for menneska i opplysningstida. Tidsanden oppfordrar til å tvile på gamle sanningar, til å bruke fornufta i møtet med f.eks. overtru. Fornufta hjelper oss til å tenkje klart, til ny innsikt og til vitskaplege oppdagingar. Fornufta blir slik ei av drivkreftene i opplysningstida. Tanken om den metodiske tvilen som vitskapleg metode, som på sett og vis er fornufta sett i system, stammar frå René Descartes. Descartes er også kjend for utsegna «Eg tenkjer, altså er eg til».

4. Kva for rolle spelar antikken i opplysningstida?

I opplysningstida, som i renessansen, brukar både filosofar, vitskapsmenn og forfattarar kunnskap frå antikken i sitt eige arbeid. Mykje av denne kunnskapen var gløymd i mellomalderen, men vart så «gjenfødd» i renessansen, og vidareført i opplysningstida. Det er særleg innan diktekunsten at ein ser ei line frå 1700-talet, via fransk 1600-tal, tilbake til gresk og romersk antikk. Holberg er den fyrste forfattaren i Danmark-Noreg som skriv litteratur i dei klassiske sjangerane, som f.eks. satiren og dramaet. Han skriv også ein parodi på eposet. I arbeidet med både satirane og komediane brukar han franske klassisistar og antikke forfattarar som førebilete, både når det gjeld form og innhald.

5. Kva er Molière kjend for, og kvifor er han viktig i Danmark-Noreg på 1700-talet?

Molière er ein av dei største franske klassisistane frå 1600-talet. Hans komediar (mellom andre) blir rettesnor for korleis Holberg utformar sine komediar.

6. Forklar kvifor vi diskuterer om Ludvig Holberg er dansk eller norsk!

Ludvig Holberg er fødd i Bergen på 1600-talet, og levde i Noreg til han vart om lag 20 år, då han for godt busette seg i København, som på denne tida var hovudstaden i Danmark-Noreg. Formelt sett budde han altså i det same landet både i Bergen og i København. Heile hans yrkesaktive liv budde og arbeidde han i København, og slik påverka han den danske offentlegheita for ettertida. Difor reknar danskane han for dansk, medan vi i Noreg ser på han som nordmann. København var jo også hovudstad for Noreg.

7. Kva er Ludvig Holberg sine viktigaste bidrag til litteraturhistoria?

Holberg er den som skaper ein moderne norsk-dansk skjønnlitteratur. Tidlegare var salmane den mest utbreidde diktforma. Erasmus Montanus og Jeppe på Berget er nok dei to komediane som blir mest spelte i dag, medan romanen Nils Klim kanskje er det mest banebrytande verket hans, når vi ser på kva for revolusjonerande tankar han presenterer der, særleg med tanke på likestilling. I tillegg til den skjønnlitterære produksjonen skreiv Holberg også mykje sakprosa, både historiske, filosofiske og juridiske skrifter.

8. I dette kapittelet har du lese om (minst) to kjende litterære parodiar i norsk litteraturhistorie. Gjer greie for innhaldet i parodiane.

Holberg skriv det komiske heltediktet Peder Paars, som er ein parodi på eit epos frå antikken. Kontrasten mellom dei store heltane frå antikken, som denne sjangeren eigentleg skulle handle om, og den kvardagslege handelsmannen Peder Paars, skaper komikk.
Seinare på 1700-talet skriv Johan Herman Wessel tragedieparodien Kjærlighet uten strømper. Her gjer Wessel narr av dei strenge sjangerkonvensjonane i tragediesjangeren. Handlinga i ein tragedie måtte nemleg utspela seg i løpet av 24 timar, og konklusjonen til helten og heltinna er dermed at dei aldri blir gift om det ikkje skjer «i dag». Dette blir problematisk, for brudgommen manglar strømper. Dette blir tragediens katastrofe, og i tråd med tragediesjangeren endar det med heltens død.

9. Kva er Norske Selskab? Nemn to forfattarar og verk dei har skrive.

Norske Selskab var ei foreining for nordmenn i København, i stor grad studentar. I Norske Selskab finn ein starten på den patriotismen som får si store blomstringstid i nasjonalromantikken. Den mest kjende forfattaren frå Norske Selskab er bergensaren Johan Herman Wessel, og Kjærlighet uten strømper og Smeden og bakeren er kanskje dei to mest kjende tekstane hans. Ein annan kjend forfattar frå Norske Selskab er Johan Nordahl Brun, som har skrive «fedrelandssangen» For Norge, kjempers føde land og Utsikter fra Ulriken (Nystemten, som bergensarane vil kalle han).

10. På kva for måte skil Carl Michael Bellman seg frå dei litterære ideala i klassisismen og opplysningstida?

Svensken Carl Michael Bellman forheld seg i liten grad til dei antikke sjangrane, i motsetnad til dei fleste forfattarane på 1700-talet. Men han skreiv nokre bibelparodiar, og parodien er ein typisk sjanger frå 1700-talet. Det Bellmann er mest kjend for, er drikkevisene sine. Han skreiv to store diktsyklusar, Fredmans Epistlar og Fredmans Sånger, som begge held seg i det same universet med dei same personane. Hovudpersonen, Fredman, ferdast i Stockholms skjenkestover og omgir seg med personar frå dei lågare samfunnslaga, eit miljø Bellmann kjende frå innsida. Bellmann sine viser er folkekjære og høgst levande i dag, truleg fordi dei formidlar både stor komikk og djupt alvor.

Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen
Eller

BM dbok Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen
Eller logg inn