Eg vil halde en tale … lag ein festtale

Sjå dei første minutta av Guro Sibekos tale til konfirmantane i Oslo rådhus 2015.

Spørsmål:

  1. Kva kjenneteiknar Guro Sibekos framføring? Kva språklege og ikkje-språklege verkemiddel bruker ho?
  2. Synest du ho har tilpassa verkemidla til situasjonen? Grunngi svaret.
  3. Kva trur du talen kjem til å handle om ut frå innleiinga? Noter eit par moment.

Oppgåve:

1_5 Eg vil halde ein tale2.jpg

Du skal halde ein av desse talane:

  • «Herranes» eller «Damenes tale» på skuleavslutninga.
  • 17.-maitale på heimstaden (les denne artikkelen for å få tips)
  • Tale til ein god venn som skal flytte til utlandet for å studere.
  1. Kva verkemiddel vil du bruke, og korleis vil du arbeide med ein slik tale? Noter moment, og diskuter evt. i fellesskap.
  2. Skriv talen. Hugs at det er ein munnleg sjanger!
  3. Øv deg på å memorere talen. Finn metoden som fungerer best for deg: Små lappar? Stikkord? Bilete? Disposisjon?
  4. Gå i grupper og hald talane med innleving for kvarandre. Dersom de tør, kan de ta opp på film. Gi kvarandre tilbakemelding – kva er bra, kva bør jobbast vidare med?

Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen
Eller

BM dbok Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen
Eller logg inn