Kapittel 8 – Medium og sakprosa 1700–1850
1. Kvifor lar vi norsk sakprosa sin historie starte på 1700-talet, sjølv om vi finn mange saktekstar også før den tid?
a. Opplysningstidas krav om kunnskap og informasjon fremjar veksten av trykte skrifter
b. Gjennom skule (1739) og konfirmasjon (1736) får alle innlæring i den dansk-norske skriftkulturen
c. Eit hundreår med aukande norske patriotisme, noko som skapte interesse for kartlegging av landet. Viktig sjanger: historisk-topografiske bøker
d. Vekst i norsk næringsliv: nye samfunnsgrupper har behov for informasjon og kunnskap (gjennom sakprosaformer som aviser og tidsskrift)

2. Kva for ei av dagens norske aviser er den eldste?
Adresseavisa, Trondheim
3. Kvifor er Holbergs sakprosa-tekstar så viktige i dansk-norsk historie?
Han skreiv på dansk om emne/tema som før var blitt skrivne om på latin. Dermed nådde han ut til større lesargrupper, og skapte eit nytt publikum for sakprosa og for offentleg debatt og samtale.
4. Kva var hovudmålet for Wergelands opplysningsarbeid?
Han ville redusere fordommar og konfliktar, ønskte eit samfunn prega av toleranse og respekt, ville gje dei som stod nedst på samfunnsstigen sjølvkjensle og stoltheit.
5. Kva betyr «borgarleg offentlegheit»?
Eit offentleg, ope rom for debatt, der borgarane i eit land kan delta. Gjennom open og fri debatt i aviser og tidsskrift skal dei gode argumenta vinne oppslutnad og utviklinga kan gå mot større rettferd og likskap.