Systemet blir oppdatert tirsdag 11. desember fra kl. 16:00, og vil da være delvis utilgjengelig i inntil to timer.
Vi beklager ulempene dette kan medføre. Se ev. detaljinformasjon etter oppdateringen på blog.portfolio.no.

I eit nøtteskal

I eit nøtteskal

Ulike språktrekk deler landet inn i språklege regionar. Når vi samanliknar dei ulike dialektkarta, kan vi sjå kva som kjenneteiknar dei ulike landsdelane og regionane. Slik språkkunnskap gjer at vi med større eller mindre presisjon kan gjette kvar ein person kjem frå når vi høyrer dialekten. Viktigare er likevel innsikta i at alle dialektar er fullstendige språklege system med grammatiske reglar. Slik sett er ingen dialektar betre enn andre, dei har berre gjennomgått ulike endringsprosessar. Eit standardtalemål er også i utgangspunktet ein dialekt som av ytre årsaker har fått ein høg status og allmenn prestisje.

Studiet av dialektar må heile tida ta omsyn til dei språklege endringane som finst i landet. Språklege endringar kan vere eit resultat av indre eller ytre endring. Indre endring er prosessar som skjer i språket sjølv, for eksempel regelutviding og analogi. Ytre endring i eit språk er eit resultat av sosiale prosessar, slik som større mobilitet i folket, som fører til fleire språklege møte.

Ein reknar i dag med at oslodialekten har ein spesiell prestisje som direkte eller indirekte påverkar talemål over heile landet. Men sjølv om påverknaden kjem frå Oslo, blir ikkje språkendringane like over heile landet. Dette heng saman med at visse område har betre språkleg «grobotn» for endringane enn andre har. Resultatet av påverknaden er eit regionalt farga talemål med kompromissformer mellom standardtalemålet og dei lokale språklege trekka.

Har du forstått kapittelet?

  1. Forklar korleis tonegangen, infinitivendingane og tjukk l kan skape ei hovudinndeling mellom dialektane i landet.
  2. Kva er årsaka til at nokre dialektar har infinitivsendingar på både a og e?
  3. Forklar kva vi meiner med apokope. Kvar finn du apokope? (Klarer du det utan å sjå på karta?)
  4. Gjer greie for kvifor skarre-r og retrofleksar ikkje finst i det same området.
  5. Kvifor har dialektane endra seg så mykje dei siste 50 åra?
  6. Kva er indre endring?
  7. Kva er ytre endring?
  8. List opp fakta som tyder på at vi har eit standardtalemål i Noreg. List deretter opp fakta som tyder på at vi ikkje har eit standardtalemål i Noreg.
  9. Kvifor skjer språklege endringar i ulikt tempo i dei ulike regionane?
  10. Kvifor blir ikkje alle dialektar identiske med oslodialekten, dersom det er denne som direkte eller indirekte påverkar alle dialektane?
  11. Skriv ein leksikonartikkel på maks. 100 ord der du gjer greie for omgrepa dialekt og sosiolekt.
  12. Skriv ein leksikonartikkel på maks. 100 ord der du gjer greie for omgrepet standardtalemål.

Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen
Eller

BM dbok Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen
Eller logg inn