I eit nøtteskal

I eit nøtteskal

Frå gammalt av var Norden eit språkleg og kulturelt fellesskap. Men gjennom hundreåra har språkutviklinga gått i litt ulike retningar i dei ulike landa. Framleis er det likevel slik at nordmenn forstår dansk og svensk ganske godt og kan sjå at det er språkleg slektskap mellom norsk, islandsk og færøysk. Når vi skil mellom norsk, svensk og dansk som særskilde nasjonalspråk, har det politiske årsaker. Hadde for eksempel grensene mellom Noreg og Sverige vore trekte annleis, kunne nokre dialektområde som i dag høyrer til norsk, vore ein del av det svenske språket.

Sidan 1970-åra har det gått tilbake med nabospråkforståinga i Norden. I den same perioden har påverknaden frå engelsk auka.

Har du forstått kapittelet?

  1. Kva fordelar har det å vere fleirspråkleg?
  2. Kva meiner vi med nordiske språk?
  3. Kva andre språk blir snakka i Norden (enn nordiske)?
  4. Kva er hovudutfordringane for ein nordmann i møte med dansk språk?
  5. Kva er hovudutfordringane for ein nordmann i møte med svensk språk?

Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen
Eller

BM dbok Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen
Eller logg inn