Nynorsk grammatikk med forklaring av 2012-rettskrivinga

Nynorsk – grammatikk

Dette er ei fyldigare framstilling av nynorsk grammatikk, der det òg er gjort greie for endringane frå 2012-rettskrivinga.

Nynorsk grammatikk med forklaring av 2012-rettskrivinga

Den 1. august 2012 vart det innført ei ny rettskriving av nynorsk. Målet med den nye rettskrivinga er

  • Å fjerne forskjellen mellom hovudform og klammeform. Dette vart gjort i bokmål i 2005. Det inneber at alle former du finn i ordlista, er likestilte.
  • Å få færre valfrie former i nynorsken. Det inneber at enkelte bøyingsformer og skrivemåtar no ikkje lengre er tilletne.

Svært mange nynorskbrukarar vil merke lite til endringane i rettskrivinga, men mange vil måtte endre skrivemåten på nokre enkeltord. For å lykkast med nynorsk, må ordboka di ikkje vera eldre enn frå 2012.

I denne framstillinga vel vi å forenkle grammatikken, vi konsentrerer oss om hovudreglane. Det betyr at det kan finnast andre tilletne bøyingar enn dei du finn her. Bøyingar og fenomen som er felles for nynorsk og bokmål, er mindre beskrive i denne framstillinga.

Setningsbygging

I ein del tilfelle er det forskjellar i setningsoppbygginga mellom nynorsk og bokmål. Her får du ei oversikt over grammatiske fenomen der ein i bokmål kan velje andre måtar å forme setningane på enn ein kan i nynorsk. Men det er verd å merke se at alle desse formuleringane er like korrekte på bokmål som på nynorsk, og ofte vil ein få ei betre språkføring også på bokmål om ein vel å bygge setninga på same måte som i nynorsk.

Dobbel bestemming

På nynorsk brukar ein alltid dobbel bestemming, medan ein på bokmål kan velje enkel bestemming. Det betyr at ein på nynorsk brukar den bestemde forma av substantivet også når det står eit determinativ framfor:

nynorsk bokmål
dei siste dagane de siste dager 
denne saka denne sak

Etterstilt eigedomsord

På nynorsk set ein eigedomsorda etter substantivet, medan ein på bokmål kan velje å setje det framføre substantivet:

nynorsk bokmål
huset vårt vårt hus
mannen min min mann

Legg merke til at vi også her brukar den bestemte forma av substantivet i nynorsk.

Passiv

I nynorsk lagar ein passiv ved å kombinere hjelpeverbet bli eller verte med perfektum partisipp av verbet:

nynorsk bokmål
Hendinga blir (vert) etterforska av politiet. Hendelsen etterforskes av politiet.

Dersom setninga inneheld eit modalt hjelpeverb (kan, vil, skal, , bør), brukar ein st-forma av verbet:

Hendinga skal etterforskast av politiet.

Genitiv og genitivsuttrykk

Genitiv kan uttrykkjast på fleire måtar i nynorsk. Felles er at ein unngår -s-genitiv.

Ein kan bruke preposisjonsuttrykk:
nynorsk bokmål
hekken til naboen naboens hekk
brevet frå departementet departementets brev
folket i bygda bygdas folk
Ein kan bruke samansetningar:
klubblokala klubbens lokaler
gruppedynamikken gruppens dynamikk
Ein kan bruke ei leddsetning:
det arbeidet (som) skulen gjer skolens arbeid
Ein kan også bruke sin-genitiv:
Jentene sine klede Jentenes klær

Her skal ein vere forsiktig. Begrens det til uttrykk som omhandlar personar og eigarforhold. Vurder gjerne andre måtar fyrst.

Det finst også unntak då ein kan bruke s-genitiv:

særnamn: Noregs Mållag / Olavs menn

tid/mål/vekt: ein times tid

faste uttrykk: dagens rett, i manns minne

substantiv i ubestemt form: kvinners kamp for friheit

Laust og fast samansette verb

Vi har mange eksempel på verb som er sett saman av to ledd, som i verba undersøkje, oppleve. Desse to verba er fast samansette, det vil seia at dei alltid blir skrivne saman og ikkje delt opp. Men det finst laust samansette verb som i nynorsk skal delast opp, medan dei same verba på bokmål kan skrivast i eitt:

nynorsk: bokmål:
Det går fram av samanehengen. Det fremgår av sammenhengen.
Forlaget gir ut mange bøker. Forlaget utgir mange bøker.
Ho tok på seg oppgåva. Hun påtok seg oppgaven.
Han kjende att tjuven. Han gjenkjente tyven.

Substantiv

I ordlista: når du lurer på skrivemåten eller bøyingsforma til eit substantiv, må du slå opp på grunnforma. Heiter det månader eller månadar i fleirtal? Då må du slå opp på grunnforma, som er den forma du kan setja ein, ei eller eit framfor, i dette tilfellet månad. I ordlista finn du denne informasjonen. Merk at nokon ordlister berre oppgjev bøyingsendingane:

ubestemt form eintal bestemt f. eintal ubestemt f. fleirtall besemt f. fleirtal
ein månad  månaden  månader/ar  månadene/ane

Hankjønn

ein gut  guten  gutar  gutane
ein lærar læraren lærarar lærarane

Alle hankjønnsord har endinga -en i bestemt form eintal. Etter rettskrivinga av 2012 kan alle hankjønnsord ha endinga -ar og -ane i fleirtal.

Unntak:
nokre hankjønnsord har omlyd, fleire av desse har endinga -er og -ene:

ein bonde bonden bønder bøndene
ein fot foten føter føtene
ein mann mannen menn mennene
ein nagl naglen negler neglene
ein son sonen søner sønene


Merk også:

ein bror broren brør brørne
ein far faren fedrar fedrane
ein sko skoen skor skorne
eller sko skoa

Nokre ord som endar på -el, -en, -er får samandraging i fleirtal

ein himmel himmelen himlar himlane
ein vinter vinteren vintrar vintrane

For den avanserte:
Dei følgjande hankjønnsorda kan også ha endinga -er, -ene:

  • Ei gruppe einstava hankjønnsord, dei vanlegaste er: bekk, benk, flekk, gong, legg, sekk, vegg, gjest, sau, stad, ven(n)
  • Ord som sluttar på trykklett -a: villa, sofa
  • Ord som sluttar på -nad

Hokjønn

ei jente jenta jenter jentene
ei dør døra dører dørene

Alle hokjønnsord har endinga -a i bestemt for eintal. Etter rettskrivinga av 2012 kan nesten alle hokjønnsord også ha endingane -er og -ene i fleirtal.

Unntak:
hokjønnsord som endar på -ing skal framleis ha endinga -ar og -ane i fleirtal:

Merk også:
Nokre hokjønnsord har omlyd. Dette gjeld i stor grad dei same orda som i bokmål:

ei dotter dottera døtrer døtrene
ei syster systera systrer systrene

Nokre ord får samandraging også i eintal:

ei frøken  frøkna frøkner frøknene

For den avanserte
Nokre ord kan framleis ha valfri form på -ar, -ane, dette er dei oftast brukte orda: elv, helg, myr, møy, reim, vik, ørn, øy.

Andre endringar etter 2012

  • Tidlegare kunne enkelte hokjønnsord ha endinga -i i bestemt form eintal (ei sol – soli), men denne forma er no ikkje lenger tilleten.
  • Tidlegare kunne enkelte hokjønnsord ha endinga -a i ubestemt eintal og -or, -one i fleirtal: (ei visa – visa – visor – visone). Desse bøyingsformene er ikkje lenger tilletne.

Inkjekjønnsord

eit hus huset hus husa
eit møte møtet møte møta

Alle inkjekjønnsord har endinga -et i bestemt form eintal. I ubestemt form fleirtal er det inga ending, og i bestemt form fleirtal er endinga -a. Det er viktig å hugse at inkjekjønnsord som i grunnforma endar på -e (eit møte, eit menneske), ikkje har ending i ubestemt form fleirtal (fleire møte, fleire menneske).

Merk elles:
samandraging i bestemt form fleirtal av Inkjekjønnsord som endar på trykklett -el:

eit middel  middelet middel midla

Endringar etter rettskrivinga av 2012

  • Reglane for samandraging er forenkla, slik at fleire ord blir bøygde med fulle former og følgjer det normale bøyingsmønsteret for inkjekjønnsord.
  • Tidlegare kunne enkelte inkjekjønnsord ha endinga -i i fleirtal: eit hus - alle husi). Denne forma er ikkje lenger tilleten.

For den avanserte:
Desse orda kan i tillegg ha endinga -a i ubestemt form eintal, og på -o i fleirtal:

eit auge / auga auget fleire augo alle augo
eit hjarte / hjarta hjartet fleire hjarto alle hjarto
eit øyre / øyra øyret fleire øyro alle øyro

Ordet barn kan i fleirtal ha omlyd:

eit barn barnet fleire barn / born alle barna / borna

Verb

I ordlista: Når du lurer på skrivemåten eller bøyingsforma til eit verb, må du slå opp i ordlista på grunnforma til verbet, dvs. infinitiven. Heiter det braut eller brøyt i preteritum? Det finn du ut ved å slå opp på ordet bryte. I ordlista vil du finne denne informasjonen. Merk at nokon ordlister berre oppgjev bøyingsendingane/ vokalendringane:

infinitiv presens preteritum perfektum partisipp
å bryte  bryt braut (har) brote

Svake verb

Dei aller fleste verb er svake. Det finst fire ulike klassar av svake verb:

1. A-verb

å danse dansar dansa har dansa
å hoppe hoppar hoppa har hoppa

A-verb har altså bøying med -a i alle former. Dei fleste svake verb er a-verb. Dersom du veit at preteritumsforma endar på -a, skal presensforma også ha -ar.

2. E-verb

å begynne begynner begynte har begynt
å studere studerer studerte har studert
å arbeide arbeider arbeidd har arbeidd
å bygge bygger bygde har bygt

E-verb har altså -er i presens, -te/-de preteritum og -t/-d i perfektum partisipp. Dersom du veit at verbet har -te/-de preteritum, skal det altså ha -er i presens.

  • Korleis kan ein vite om eit verb er a-verb eller e-verb, altså om det skal ha -ar i presens eller -er i presens?
    Dei fleste norske dialektar har den same bøyinga som nynorsk her. Dersom du har ein annan dialekt enn normalisert austlandsk, kan du, når det gjeld a- og e-verb, i dei fleste tilfelle stole på at du kan skrive slik du snakkar. Dersom du snakkar bokmål, så hugs på at ein også kan bruke forma dansa i preteritum på bokmål.

Ein hugseregel er altså at dei verba som kan ha -a (eller -et) i preteritum på bokmål, er a-verb på nynorsk (dansa/danset).

For den avanserte:
Enkelte verb kan vera både a-verb og e-verb. Desse verba kan ein velje om ein vil bøye som a-verb eller som e-verb. Ein kan også velje å blande bøyinga, som i dette eksempelet:

å bruke brukar brukte har brukt
  • Korleis kan ein vite om det skal vera -te eller -de i preteritum av e-verb?
    E-verb med stamme som sluttar på ein vokal eller på -d, -g, eller -v skal ha endinga -de. Ord som har øy i rota skal også ha -de:
stamme/rot presens preteritum
å arbeid| e arbeider arbeidde
å bygg| e bygger bygde
å lev| e lever levde
å køyre køyrer køyrde

E-verb som sluttar på ein av konsonantane i ordet FLASKEPOSTAR skal ha -te:
kjøpte, lærte, likte, este, spolte

  • Korleis kan ein vite om verbet skal ha –de eller –te i perfektum partisipp:
    • I dei fleste tilfelle er –de og –te likestilt.
    • Desse verba skal ha –te i perfektum partisipp:

Å seie – har sagt
å legge – har lagt
å ha – har hatt
å ta – har tatt
å la – har latt
å kjenne – har kjent

3. J-verb

å telje tel talde har telt
å spørje spør spurde har spurt
å setja set sette har sett

Desse verba har inga ending i presens. I preteritum har dei aller fleste verba –de. Dei som sluttar på ustemt konsonant (k, p, s, t) skal ha -te i preteritum. Hugs på at j-verba er ei lita gruppe verb.

4. Kortverb (svake verb med éi staving i infinitiv)

å tru trur trudde har trudd
å nå når nådde har nådd

Desse verba kan ha anten -dde eller -tte i preteritum, og -dd eller -tt i perfektum partisipp. Stammen av desse verba sluttar på vokal, og difor blir konsonanten i endinga dobbel.

Sterke verb

Sterke verb blir bøygde på ein annan måte enn dei svake: dei har inga ending i presens og preteritum. Dei «bøyer seg sjølv» utan hjelp av endingar. Bøyinga består difor av vokalendringar i rota av verbet. Denne vokalendringa kan koma i presens, preteritum eller perfektum, eller i alle tre tidene:

å lese  les  las  har lese
å sove  søv  sov  har sove
å brenne brenn brann har brunne

Vokalvekslingane følgjer visse mønster, men desse kan vera vanskelege å sjå for eit utrena auge. Dei fleste dialektbrukarar vil kunne bruke former frå sitt eige talemål, men dette er ingen vasstett regel. Det beste er difor å lære seg bøyinga av dei viktigaste verba, akkurat slik ein gjer i framandspråksundervisninga i engelsk og tysk.

I perfektum partisipp av desse verba finn vi ei ending: -e.

Etter rettskrivinga av 2012 er -e den einaste tilletne forma (tidlegare var også -i mulig ending i perfektum partisipp, f.eks. lesi). Før 2012 var også endinga -er tilleten i presens (søver).

Verb som endar på -st

Nokre verb endar på -st i alle former. Desse kan vera sterke eller svake. Her er ei liste over nokre vanlege verb:

Sterk bøying, dvs. med vokalveksling:
å finnast finst fanst har funnest
å trengast trengst trongst har trungest
å trivast trivst treivst har trivest
Svak bøying, dvs. får ein -d eller -t inn i endinga:
å høyrast høyrest høyrdest har høyrst
å kjennast kjennest kjendest har kjendest
å minnast minnest mintest har minst
å møtast møtest møttest har møtst
å spørjast spørst spurdest har spurst
å synast synest syntest har synst

Endring etter rettskrivinga av 2012
Tidlegare kunne desse formene også skrivast med berre -s. Det er ikkje tillete i den nye norma.

Samsvarsbøying

Nokre gonger bruker vi verbformer som adjektiv, altså for å beskrive eit substantiv:

Boka er komen.

Opphavet til denne forma er verbet å kome, som i perfektum partisipp heiter (har) kome. Ved hjelp av hjelpeverbet å vera (er) får ein fram den adjektiviske forma av verbet. Denne forma må bøyast når vi brukar ho som adjektiv. Ordet bok er hokjønn, og difor har vi endinga -n: komen.

Samsvarsbøying har vi etter verba vere, verte, bli.

Verbforma, som i dette tilfellet oppfører seg som eit adjektiv, skal bøyast etter kva for kjønn og tal substantivet har:

Hankjønn: Drosjen er komen.
Hokjønn: Boka er komen.
Inkjekjønn: Flyttelasset er kome.
(inkjekjønnsforma er lik perfektum partisippforma)
Fleirtal: Dei er komne.

Sterke verb blir bøygde med desse endingane. Når verbet er sterkt, er det obligatorisk med samsvarsbøying.

Når verbet er svakt, kan ein velje sjølv om ein vil bruke samsvarsbøying eller ikkje:

Uten samsvarsbøying Med samsvarsbøying
Hankjønn Problematikken er kjent. Problematikken er kjend.
Hokjønn Saka er kjent. Saka er kjend.
Inkjekjønn Resultatet er kjent. Resultatet er kjent.
Fleirtal Problema er kjent. Problema er kjende.

For den avanserte:
Dersom du vel å bruke samsvarsbøying ved svake verb, må du hugse på at dei ulike svake verba blir bøygde avhengig av kva for form dei har i preteritum. Slå difor opp preteritumsforma om du er i tvil:

Kjønn Preteritum på -de (dømde) Preteritum på -te (reparerte) Preteritum på -dde (kledde) Preteritum på -a (kasta)
Hankjønn han blir dømd bilen er reparert Guten blir kledd Ballen er kasta
Hokjønn ho blir dømd boka er reparert Jenta blir kledd Boka er kasta
Inkjekjønn det blir dømt taket er repartert Huset blir kledd (med sibirsk lerk) Loddet er kasta Fleirtal dei blir dømde bilane er reparerte Studentane blir kledde (i kappe) Ballane er kasta
  • Ved a-verb (kaste) er det, som du ser, i praksis ikkje samsvarsbøying, ettersom formene fell saman med den vanlege perfektum partisipp-forma.
  • e-verb som har preteritum på -te, har i praksis samsvarsbøying berre i fleirtal.

Adjektiv

Eit adjektiv beskriv eit substantiv, og difor skal det også ha bøying i samsvar med kjønn, tal og form på substantivet:

hankjønn hokjønn inkjekjønn fleirtal
Ubunden form:
ein klok mann den kloke kona det kloke hovudet fleire kloke hovud
Bunden form:
den kloke mannen den kloke kona det kloke hovudet alle dei kloke hovuda

Adjektiv som endar på -en følgjer det same mønsteret, dette er nytt etter rettskrivinga av 2012:

ein open munn  ei open dør eit opent vindauge fleire opne vindauge
Unntak:
ein liten gut ei lita jente eit lite hovud fleire små barn
min eigen son mi eiga dotter mitt eige hus mine eigne barn

Merk:
Adjektiv som endar på diftong, vokal eller vokal + -t, får -tt i inkjekjønn: eit greitt svar, eit blått hav, eit kvitt tørkle.

Endringar etter rettskrivinga av 2012

  • Tidlegare kunne ein velje mellom formene -leg og -lig i ord som triveleg/trivelig. No er berre forma -leg (triveleg) tilleten.
  • Tidlegare kunne ein velje mellom formene -ete/-et/-ut i ord som kosete/koset/kosut. No er berre forma -ete tilleten (kosete).

Komparasjon/gradbøying

Dei fleste adjektiv blir gradbøygde med formene -are, og -ast:
positiv komparativ superlativ
flink flinkare flinkast
farleg farlegare farlegast
Nokre blir bøygde med meir og mest:
kjend meir kjend mest kjend
imponerande meir imponerande mest imponerande
Nokre adjektiv har uregelrett bøying, slik som i bokmål:
færre færrast
vond verre verst
mykje meir mest
mange fleire flest
Adverb blir gradbøygde som adjektiva, men nokre adverb har samandregne former:
bak bakre bakarst
hit hitre hitast
inn(e) indre inst
ut ytre ytst

Pronomen og determinativ

Personlege pronomen

Person/tal Subjektsform Objektsform Eigedomspronomen (determinativ)
hankjønn
hokjønn
inkjekjønn
fleirtal
1. person eintal eg meg min
mi
mitt
mine
2. person eintal du deg din
di
ditt
dine
3. person eintal han han hans
hans
hans
hans
ho ho/henne hennar
hennar
hennar
hennar
det det sin
si
sitt
sine
1. person fleirtal vi/me oss vår
vår
vårt
våre
2. person fleirtal 1) de
2) dokker
1) dykk
2) dokker
1) dykkar
dykkar
dykkar
dykkar
2) dokkar
dokkar
dokkar
dokkar
3. person fleirtal dei dei deira
deira
deira
deira

Personlege pronomen blir brukt for å omtale personar, eller som erstatning for substantivet:

Hankjønn: Bilen min er stilig. Han er produsert i 2012.

Hokjønn: Inngangsdøra mi knirkar. Ho må smørjast.

Inkjekjønn: Huset er nytt. Det er eit typisk funkishus.

Dersom ein vil framheve ordet, brukar ein heller forma den/ det (som høyrer til determinativa):

Den er hokjønn og hankjønn, det er inkjekjønn:

For ei fin bukse! Den har eg lyst på!

Endringar med rettskrivinga av 2012

  • Forma dokker i 2. person fleirtal er ny. Her er regelen at ein anten må bruke de – dykk – dykkar, eller dokker – dokker – dokkar.
  • Tidlegare kunne ein bruke forma honom i hankjønn objektsform. Den er ikkje lenger tilleten.

Eigedomsord

(sjå tabellen over)

På nynorsk er regelen at eigedomsordet skal stå etter substantivet i setninga:

Det er huset mitt.

Det vanskelege spørsmålet hans fekk ikkje noko svar.

Dei blanke syklane våre skein i sola.

De må passe på bøkene dokkar.

Dersom ein vil framheve eigedomsforholdet, kan ein flytte pronomenet fram:
Det er min bil.

Endringar med rettskrivinga av 2012

  • Forma dokkar er teken inn og bør brukast saman med formene dokker – dokker.
  • Formene deires og hennes er ikkje lenger tilletne.

Peikeord

den den det dei
denne denne dette desse
slik slik slikt slike
same same same same

Merk:
forma noke finst ikkje i nynorsk.

Annan

Hankjønn Annan: Ein annan dag skal vi dra til byen.
Hokjønn Anna: Men det får bli ei anna veke.
Inkjekjønn Anna: Eg ynskjer meg eit anna hus.
Fleirtal Andre: Eg har prøvd mange andre bilar.

Ingen

Hankjønn Ingen: Ingen bil er betre enn min!
Hokjønn Inga: Eg finn inga løysing på dette problemet.
Inkjekjønn Inkje: Inkje (ikkje noko) vitnemål kan overbevise meg i den saka.
Fleirtal Ingen: Det er ingen manglar ved bilen hennar.

Ein

På bokmål brukar ein man eller en for å betegne ein person. Dette blir brukt når det er uklart kven/kva som er subjeketet, når subjektet ikkje er ein spesiell person, eller når ein ynskjer å skjule subjektet. På nynorsk brukar du forma ein.

Ein meiner at politiet ikkje har gjort nokon feil i saka.

Ein veit ikkje heilt kva ein skal gjera i slik tilfelle.

Korleis skal ein vite kva som er rett?

Ein skal ikkje sjå bort frå at dette blir ein suksess.

Endringar etter rettskrivingsreforma av 2012

  • Formene noen, noe, nokor, ingi, eigi, annen, onnor går ut av bruk

Spørjepronomen og spørjeadverb

Pronomen:
Kven Kven er du?
Kva Kva meiner du?
Adverb: Kvifor el. korfor Kvifor/ korfor seier du det?
Korleis skal dette fungere?
Kor lenge blir du her?
Kvar bur du?

Hugs:
der ein i bokmål brukar hvilken, brukar ein i nynorsk kva (for ein/ei/eit):

Kva vekedag er det i dag? Kva for ein vekedag er det i dag?

Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen
Eller

BM dbok Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen
Eller logg inn