Kortfilm: «1994» (30:00)

1_9 Kortfilm 1994.jpg

Før filmen: Kva veit du om OL i 1994? Skriv 3–5 linjer om dette.

Sjå filmen på Youtube eller på Filmrommet.no.

Regi: Kaveh Tehrani, 2010

Oppgåver:

Hugs at du alltid må underbygge meiningane dine med konkrete eksempel frå filmen, dvs. replikkar eller scener som «bevis» på di tolking.

Dariush – norsk eller persisk?

  1. Meiner du at Dariush er norsk? Ynskjer Dariush å vera norsk? På kva for måte framstår han som norsk – og på kva for måte framstår han som ikkje-norsk?
  2. Kva for rolle spelar OL 1994 i filmen?
  3. Korleis oppfattar omgivelsane Dariush? Beskriv forholdet hans til andre personar i filmen.
  4. Kva meiner Dariush om nordmenn og Noreg på notidsplanet i filmen?
  5. Kvifor blir bygginga av Persepolis i kjellaren eit så viktig prosjekt for han?
  6. Diskuter dette utsagnet i Dariush sin siste replikk: «Du er ikke norsk hvis du ikke klager litt!»
  7. Får du sympati med Dariush? Kvifor/ kvifor ikkje?

«Det norske»

Kan gjerast munnleg eller skriftleg:

  1. Skriv 4–5 setningar som startar med «Du er ikkje norsk før du….». Les opp i klassen og samanlikn med dei andre. Finst det mange like setningar?
  2. I sjukehus-scena seier Dariush at det viktige med Kong Dariush av Persia var at han let andre kulturar overleve i Persia. Diskuter på kva for måte og i kva for grad vi aksepterer andre kulturar i Noreg i dag.
  3. Korleis framstår nordmenn i filmklyppa frå OL 1994? Kva tenkjer du om denne framstillinga?
  4. Kva meiner du om måten den iranske innvandraren blir framstilt på? Er dette ein «truverdig» innvandrar?

Filmanalyse

  1. Peik på filmatiske element som får dette til å framstå som ein dokumentar.
  2. Kva har dokumentarforma å seie for måten du forstår karakterane på?
  3. Opplever du filmen som komisk? Kva er det som skapar komikk?
  4. Hollywood-modellen beskriv spenninga i ein film, sjå s. 119 i Intertekst vg2. Korleis passar denne filmen inn i hollywood-modellen? Anslag, presentasjon, komplikasjon, opptrapping, vendepunkt, høgdepunkt, løysing.
  5. Gjer eit nettsøk på «mockumentary». I kva grad passar denne filmen til sjangeren «mockumentary»?

Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen
Eller

BM dbok Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen
Eller logg inn