Kapittel 6 – Verkemiddel i tekst

  1. Skriv ein kort definisjon av dei verkemidla som er nemnde i dette kapitlet (side 156 – 173)

    I den rekkefølgja dei kjem i kapittelet:

    – Gjentaking: å gjenta eit ord, ein lyd eller eit motiv for å forsterke ein bodskap. 

    – Rim: ei form for gjentaking der lydane i slutten av orda er like kvarandre.

    – Rytme: Oppstår når det er eit fast mønster mellom dei trykktunge og trykklette stavingane.

    – Alliterasjon: Bokstavrim, når fleire trykktunge ord startar med same bokstav eller lyd.

    – Assonans: Når orda har same lydar i seg, men utan å rime fullstendig. 

    – Kontrast: Når to motsetnader blir stilt opp mot kvarandre. Slike motsetnader forsterkar kvarandre gjensidig.

    – Positive/ negative ord: Orda i ein tekst kan ha tydeleg positiv eller negativ valør (verdi). Dette skaper stemning i ein tekst. 

    – Onomatopoetikon: Lydhermande ord som krasj, bang osv. Inngår ofte i skildringar og skaper stemning. 

    – Ironi: Å seie det motsette av det ein meiner for å framheve det ein eigentleg meiner. 

    – Overdriving: Å gjere noko større enn det er, ofte for å oppnå ein komisk effekt.

    – Underdriving: Å gjere noko mindre enn det er, ofte for å oppnå ein komisk effekt. 

    – Påkalling: Å vende seg til eit «du» i ein tekst, ein kallar dermed på noko eller nokon. 

    – Retorisk spørsmål: Å stille eit spørsmål som anten ikkje har eit svar eller som ikkje krev eit svar. Svaret er underforstått i sjølve spørsmålet. 

    – Metafor: Ein måte å samanlikne to ting utan å bruke samanlikningsord.

    – Klisjé: Når metaforar er så velbrukte at vi ikkje lenger ser for oss den bokstavlege tydinga, som for eksempel «skatten min» for kjærast osv.

    – Denotasjon: Den faktiske og opphavlege tydinga av eit ord. 

    – Konnotasjon: Dei sidetydingane eit ord kan ha. 

    – Samanlikning: Når ein samanliknar to fenomen/ ting/ omgrep el. for å få fram likskapen mellom dei.

    – Symbol: Ein form for metafor som er allment kjent i ein kulturkrets.

    – Allegori: Ein symbolsk teksttype. Den forteljinga som blir fortalt er eit bilete på noko anna. 

    - Besjeling: Når konkrete ting får menneskelege eigenskapar.

    – Personifikasjon: Når eit abstrakt omgrep blir omtala som ein person: Fru Fortuna = lykka, Mannen med ljåen = døden. 

    – Intertekstualitet/ allusjon: Når tekstar inneheld referansar til andre tekstar, for eksempel gjennom å bruke kjende sitat, namn som er kjende frå andre kunstverk ol.

  2. Forklar forskjellen på ei samanlikning og ein metafor.
    Ein metafor er ein måte å samanlikne to ting utan å bruke eit samanlikningsord. Metafor: «Eg tok den vesle solstrålen vår opp av vogga». Samanlikning: «Babyen var som ein solstråle då eg tok han opp av vogga».

  3. Forklar forskjellen på ein metafor og eit symbol.
    Eit symbol har ei allment kjent tyding, og det kan knytast til ein viss kulturkrets, som for eksempel ein kross, som er symbolet på kristendommen og viser til Jesus som døydde på krossen. Metaforar er også bilete på noko, men i motsetnad til symbol kan ein alltid skape nye metaforar ut frå meir eller mindre tilfeldige assosiasjonar. Symbol er bestandige og har lang levetid, medan metaforar kan skapast heile tida.

  4. Definer konnotasjon og denotasjon.
    Denotasjon: den faktiske tydinga av eit ord. Stjerne: lysande objekt på himmelen.
    Konnotasjon: Ein eller fleire assosiasjonar som følgjer med eit ord. Stjerne: noko(n) som utmerkar seg positivt, kjendis ol.

  5. Kva tyder det at eit verkemiddel har ein forsterkande effekt?
    At eit verkemiddel har ein forsterkande effekt, betyr at ein brukar det for å gjera bodskapen i teksten tydelegare.

  6. Kva tyder det at eit verkemiddel viser ut over seg sjølv?
    At eit verkemiddel viser ut over seg sjølv, betyr at det er brukt for å framkalle visse assosiasjonar hjå lesaren. Metaforar brukar ein for eksempel for å leie tanken til lesaren i ein viss retning, og på den måten skape meining i teksten.

  7. Kva tyder det at eit verkemiddel har ein effekt slik at det pyntar språkleg på ein tekst?
    At eit verkemiddel kan ha ein estetisk effekt, betyr at ordbruken gir teksten ein viss kvalitet, for eksempel at det kling vakkert eller morosamt, evt. krasst og skarpt.


Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen
Eller

BM dbok Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen
Eller logg inn