Bjørnstjerne Bjørnson: Om å være i sannhet (tale) – med oppgaver

Opplegget høyrer saman med delen om Bjørnstjerne Bjørnson som startar på s. 246 i Intertekst Vg3. Les meir om talen på s. 248.

vg3_Björnstjerne Björnson.jpg Wikimedia Commons

Studentersamfundet, 31. oktober 1877

henta frå virksommeord.uib.no

Innleiing: «Om at være i Sandhed» er ei av Bjørnsons store taler, ei tale som kom til å påverke mange, både i samtida og i tiåra etterpå. Bjørnson var invitert til ein fest i Studentersamfunnet, og det er denne festen han viser til, både i innleiinga og i avslutninga. I innleiinga viser han til «en Mand» som han ikkje nemner namnet på. Men alle som var i salen visste kven han sikta til: Svenskekongen Oscar II hadde halde ei tale til studentane i Uppsala tidlegare same året. Den sentrale bodskapen hadde vore truskap mot samfunnsautoritetane. Dette var ei sanning som også studentane måtte vere lojale mot, meinte svenskekongen. Dette er Bjørnsons utgangspunkt.

Arbeidsoppgåver

  • Lag eit samandrag av teksten med eigne ord.
  • Bjørnson hevdar eit sterkt og absolutt krav om sanning. Kva er argumentasjonen hans for dette?
  • Finn døme frå norsk litteratur på 1800-talet der kravet om «å vere i sanning» vert formidla / tematisert.
  • Bjørnsons krav om sanning gjeld alle forhold i menneske- og samfunnsliv. Er du samd i eit slikt absolutt krav? Grunngje svaret ditt.
  • I kva grad er Bjørnsons krav om sanning framfor truskap mot samfunnsautoritetar ei relevant problemstilling i vår tid? Grunngje svaret ditt, med konkrete døme.
  • Problemstillingane i 4 og 5 høver godt til diskusjon i klassa. Ha gjerne to innleiarar som støttar / er kritisk til Bjørnsons bodskap.

Her kan du laste ned


Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen
Eller

BM dbok Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen
Eller logg inn