Jon Hustad: «Ikkje min kulturminister» – disposisjon
Foto: Annemor Larsen/VG/NTBscanpix
Les teksten på s. 330 i Intertekst Vg3.>
Oppgåve:
Analyser teksten og kommenter argumentasjon og nokre av Hustad sine synspunkt.
Innleiing
- Presentasjon av teksten: forfattar, medium, kontekst
- Kort resymé av innhaldet. Ha med kva Hustad forstår med (definerer) omgrepet kultur og kommenter overskrifta som blikkfang.
Hovuddel (analyse)
- Kva er hovudbodskapen i teksten?
- Kva for argument nyttar Hustad for å bygge opp under denne bodskapen?
Eit hovudargument for Hustad er ... ( = argument 1)
For det andre seier han at ... (= argument 2)
Eit tredje argument er…. (argument 3)
Osv. - Kva er dei viktigaste språklege verkemidla i teksten?
- Kva for appellform(er) finn du i teksten – og kva for ei er viktigast/dominerer? (etos, logos, patos)
Avslutning (vurdering)
- Vurdering av Hustad sin argumentasjon: sakleg/usakleg, relevant/irrelevant, retorisk effektiv? Grunngjevinga er viktig.
- Eigne meiningar om nokre av Hustad sine synspunkt.