KAPITTEL
2

I eit nøtteskal

I eit nøtteskal

Vi omgir oss heile tida med tekstar, altså meiningsberande sett av teikn. Tekstar kan vere visuelle eller auditive, skriftlege eller munnlege, eller dei kan vere ein kombinasjon av desse. Kunnskap om konteksten er viktig for å forstå ein tekst. Med kontekst meiner ein den samanhengen som teksten står i, kven som er avsendar og (tenkt) mottakar, når han blei skriven, osv.

Vi treng å forstå formålet med teksten for å kunne forstå han fullt ut. Formålet med teksten må også vere det viktigaste utgangspunktet ditt når du sjølv formar tekstar. Teksttype vel du nettopp ut frå kva som er formålet med teksten. Skriftlege tekstar deler ein også inn i ulike sjangrar, som utgjer forma på teksten. Kunnskap om sjangeren er viktig for å forstå teksten og for å kunne forme målretta tekstar sjølv.

Har du forstått kapittelet?

  1. Kva er ein tekst?
  2. Kva meiner ein med kontekst, og kvifor er det viktig å kjenne konteksten til ein tekst?
  3. Definer dei fire tekstfunksjonane som er nemnde i dette kapittelet.
  4. Teikn den retoriske femkanten etter minnet. Ta så ein kikk tilbake, og gjer dei endringane som må til.
  5. Kva for fem teksttypar er grunnleggjande?
  6. Definer sakprosa og skjønnlitteratur.
  7. Kva er faksjon?
  8. Kva er ein sjanger? Definer og gi eksempel.
  9. Kva meiner ein med subjektive og objektive sjangrar innan sakprosa?
  10. Definer omgrepa tema, motiv og bodskap.

Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen
Eller

BM dbok Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen
Eller logg inn