Spørsmål og oppsummering – «Språk i kontakt»
I eit nøtteskal
I dette kapittelet har du lært kva som særpregar norsk samanlikna med andre europeiske språk. Norsk språk har to målformer, noko som i seg sjølv er spesielt, og vi aksepterer i større grad talemålsvariasjon enn dei gjer i andre land.
Norsk grammatikk har mange fellestrekk med andre europeiske språk, særleg germanske språk, slik som skiljet mellom sterke og svake verb og bestemt og ubestemt form av substantivet. I pronomena finn ein restar av kasusbøying frå norrønt. I setningslæra har norsk ei nokså fast ordstilling, mykje fordi vi manglar eit kasussystem.
På grunn av den språklege situasjonen i Noreg, med to likestilte målformer, mange dialektar og minoritetsspråket samisk, har nordmenn i utgangspunktet stor fleirspråkleg kompetanse. Men på grunn av maktforhold mellom små og store språk ser ein ikkje alltid på dette som ein rikdom.
Språk har alltid påverka kvarandre, og i dag ser vi dette spesielt gjennom dialektendring, engelsk påverknad og multietnolekten kebabnorsk.
Har du forstått kapittelet?
- Kva for språk har vi i Noreg?
- Kva for positive effektar har fleirspråklegheit?
- Kva for språkleg kompetanse har ein norsk elev etter ti års skulegang?
- Kva meiner ein med maktforhold mellom språk?
- Kva er ein multietnolekt?
- På kva måte skil språket i sportsreportasjar seg frå anna journalistisk språk?
- Gi eksempel på yrkesgrupper der engelsk er mykje brukt.