«Det er typisk norsk å dyrke gamle helter» – disposisjon
© Forskerforbundet
Tekst:
«Det er typisk norsk å dyrke gamle helter», Intertekst vg2 s. 256.
Oppgåve:
Analyser annonsen.
Innleiing:
- Presenter teksten: sjanger, avsendar, medium, formål
- Ei kort skildring av annonsen: bildet, teksten, blikkfang, layout, (komposisjon), samband/tilknytingspunkt mellom bilde og tekst
(Hugs: du skal skildre kva du ser og les, ikkje tolke!)
Hovuddel (analyse)
- Bildet: Roald Amundsen
- kvifor denne personene i denne samanhengen? (= funksjon),
- det direkte blikket, Amundsen som ser på oss, lesarane: funksjonen
- teksten som er limt inn i øvre del: ein allusjon til ei kjent utsegn – kva for utsegn? Funksjon?
- Teksten (om språklege verkemiddel og deira funksjon)
- Sentral metafor «hjernekraft»
- Roald Amundsen som symbol
- Retoriske verkemiddel: tretalslov, kontrast, andre?
- Er teksten mest appellativ – eller mest informativ? Forholdet mellom desse to funksjonane. Grunngjev.
- Sambandet / samspelet bilde – tekst, komposisjon/layout.
- Nokre tydeleg samanbindande element: Teksten som er limt inn i bildet held fram under fotografiet, og vert overskrift for teksten. Bruken av raudfarge er eit anna samanbindande elementet. Eit tredje er fotografiet av Amundsen: pioneren. Gjer greie for verknaden av desse elementa.
- Kva appellform dominerer i annonsen sett under eitt (både tekst og bilde): etos, logos, patos? Ha med døme frå heile annonsen som grunngjeving
Avslutning/vurdering
- Vurdering av annonsen: god samanheng? Tydeleg bodskap?
- Eventuelt eigne, personlege kommentarar/meining om annonsen