KAPITTEL
11

Fagbegrep

  • domene: eit område i samfunnslivet, som høgare utdanning, populærkulturen osv.
  • fornorsking:  1) prosess for å gjere dansken meir norsk 2) å bruke norsk skrivemåte for engelske ord (røff osv.)
  • jamstelling: likestilling av nynorsk og bokmål (Stortingsvedtak i 1885)
  • konservativt språk: språk med gamle skrivemåtar og bøyingsmåtar, prega av dansk tradisjon
  • landsmål: namnet på nynorsk før 1929
  • målform: språkform, dvs. nynorsk eller bokmål
  • målreising: kamp for å heve («reise») statusen til eit undertrykt språk (f.eks. nynorsken eller dialektane)
  • radikalt språk: språk med nye skrivemåtar og bøyingsmåtar, prega av fornorsking
  • rettskrivingsreform: vedtak om ny skrivemåte eller bøyingsmåte
  • riksmål: namnet på bokmål før 1929. Også brukt om konservativt bokmål i dag
  • samnorsk: forsøk på å samle nynorsk og bokmål til eitt språk
  • sideformer/klammeformer: ord og bøyingar det var lov å skrive for folk flest, men ikkje i lærebøker eller i offentleg språkbruk

Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen
Eller

BM dbok Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen
Eller logg inn