KAPITTEL
5

I eit nøtteskal

I munnlege situasjonar er det viktig å vere ein god lyttar, samtalepartnar og talar. Når du skal framføre tekstar, bør du vere medveten om kroppsspråk og tonefall. I ein munnleg eller skriftleg kommunikasjonssituasjon må du vite noko om mottakaren og konteksten. Du kan bruke mange av dei same strategiane for å oppnå effektiv kommunikasjon både i samtalar, diskusjonar, talar, foredrag og dramatiseringar. I tillegg er mange av verkemidla i munnlege tekstar like dei du har til rådvelde i skriftlege tekstar.

Dei retoriske appellformene etos, patos og logos er viktige hjelpemiddel du kan nytte for å bli ein dyktig talar, slik at du kan appellere til og overtyde fleire. Presentasjonane og talane du lagar, bør helst vere varierte og underhaldande. Samtidig vil eit grundig arbeid med kjeldene auke truverdet ditt. Hugs at jo betre du kan fagstoffet ditt, desto meir overtydande verkar du.

Har du forstått kapittelet?

  1. Kva vil det seie å tilpasse språket etter situasjonen?
  2. Kva vil det seie å vere ein aktiv lyttar?
  3. Kva er ein talestrategi?
  4. Kva er forskjellen på ein diskusjon og «den gode samtalen»?
  5. Korleis strukturerer du ein ryddig debatt?
  6. Kva er sakleg og usakleg, open og skjult argumentasjon
  7. Kva er ei retorisk appellform? Kva tyder omgrepa etos, patos, logos?
  8. Kva er dei fem fasane i retorikken, og kva tyder dei forskjellige orda?
  9. Kva reglar gjeld for å halde ein god presentasjon?
  10. Kva er dramatisering?

Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen
Eller

BM dbok Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen
Eller logg inn